Verneverdig hue

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Des 2008

Denne karen kjenner dei fleste. Det er Sindre Skogvold med VIL-hue frå om lag 1980. Det er nok ikkje mange att av desse i dag. Men for knappe 30 år sidan hadde dei fleste i nedslagsfeltet slike. Dei var i tre fargar; raud, gul eller mørk blå. Journalisten i www.velledalen.nethar eit par stykker som i dag vert brukt som fjøshuer.

  Sportsleg må det nemnast at Sindre i sine unge dagar var ein dyktig alpinist, og at heile familien Skogvold var svært så sentrale i VIL si drivande alpingruppe. Men det er altså eit kvart hundre år sidan – eller der i kring.



I dag har VIL nettopp fått nye huer. Dei er svarte, med klubben sin logo framme, med sponsormerke sportshandelen.no på sida. Rasande gode – og rimelege (kr.100,- pr stk).