Trimtoppen 2008 – Nummer 1. med 1790 poeng
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Des 2008
Vi har i dag den store ære å kunne gratulere Geir Helge Grebstad som samanlagtvinnar. Han samla 1790 poeng på dei tolv postane, 66 poeng meir enn hardaste konkurrent, Arnhild Linga.
Geir Helge hadde Regndalen som sitt store turmål. Her kjempa han ein drabeleg kamp med Rune Nilsen gjennom store delar av sesongen. 110 turar til Regndalen gav åleine 1650 poeng. I tillegg gjorde han seks turar til Vellesætra, fire til Brunstadsætra, to til Holetindane, medan han nøydde seg med ein einsleg tur til skogsvegen Hjorthol, Koppen og Myrdalsfjellet.
Geir Helge som er relativt nybakt pappa feirar jula i Amerika. Derifrå fylgjer han med på nettsida, så våre varmaste gratulasjonar går til fjell – hage- og kyrkjegardsmannen Geir Helge Grebstad. Før han er det berre Konrad Brunstad, Bård Erstad og Asgeir Rausand av mannfolk som har gått til topps. Gratulerer Geir Helge, og God Jul frå heile Velledalen !!