Sterkt medlemsår

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Des 2008

Velledalen IL sette i 2007 ny medlemsrekord med 244 medlemar. Året som snart er historie er ikkje stort dårlegare. 230 personar har betalt medlemskontingent innan 18. desember. Eldste betalaren er over 95 år, den yngste godt under eitt (familiemedlem). Dette er tal vi er godt nøgde med. Kva anna kan vi vere når vi veit at 230 medlemar er det nest høgste talet i laget si 102-årige historie.