Revansjeoppgjer
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Des 2008
Bak frå venstre: Ole André Fet, Frode Linga, Tor Helge Frøysa, jens Peter Brunstad og Geir "wolves" Erstad. Framme frå venstre: Jan Halvard Holmøy, Frank Robert Brunstad, Sindre Hjorthol og Marius Flemsæter. Karar som Karl Inge Hole og Paul Magne Hole man
For eitt år sidan vart det gjort forsøk på å starte opp att med seniorfotball i VRF. Forsøket stranda, men same karane held forma
ved like og laurdag 13. desember skal dei ut i kamp.
-
Ja vi slo FK Sykkylven sitt old boys lag på kunstgrasbana tidlegare i år og fyrstkomande laurdag er dei ute etter revansje, fortel Sindre Hjorthol.
For dei som er interesserte kan vi nemne at kampen går i Sykkylven Storhall klokka 18.00. Eigentleg burde karane hoppa i det og kome seg inn i seriesystemet på lavaste nivå. Men sidan VRF er bundne til avtalen med FKS, er ikkje VRF eit alternativ. Men Velledalen IL kan problemfritt starte med seniorlag i lavaste divisjon. Og ein treng ikkje tvile på at eit lokaloppgjer mellom FKS 2-Velledalen i lavaste divisjon vil samla langt meir folk enn fyrstelaget til FKS samla i 3.divisjon sist sesong.