Jenny Sylvi Strøm ny VRF-leiar
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Des 2008
VRF-årsmøtet i Velledalen grendahus måndag kveld valde Jenny Sylvi Strøm til ny leiar i laget etter Anita Kjersheim som hadde sagt frå seg attval. Med seg i styret fekk ho Håvard Tandstad, Monica Hunnes, Hege Chruickshank og Jan Halvard Holmøy.
Kai Roger Skylstad, Elisabeth Urke Hjorthol og Trude Tandstad vart varamedlemar til styret. Odd Kåre Fet vart kåra til årets støttespelar. Han har ikkje minst spela ei viktig rolle med å få ”Kråmyrabygget” på sin noverande plass.