Trimtoppen 2008 – 10.plass med 792 poeng

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Des 2008

Med andre ord harde krav for å kome inn på topp-10 lista. Personen på 10. plass er innflyttar men har budd i Sykkylven nær halve livet. Ho har verv i Velledalen IL (trimgruppa), men har markert seg enno sterkare i eit anna lag, nemleg helselaget. Elles er ho ein viktig person i støtteapparatet kring dei to borna i familien, som er særs aktive i langrenn og musikk. Dama vi her snakkar om, har samla alle poenga
   på turar til same trimpost – Skogsvegen Fet.

Vi gratulerer Turid Bøkestad Fet med 198 turar til denne posten, 10.plassen og 792 gilde poeng.