NY NETTREKORD
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Nov 2008
November er langt frå slutt, men det er alt no klart at VIL-sida vil setje ein solid månadsrekod i antal besøk i november. Vi kjem tilbake med statistikk når månaden er slutt.
Og den beste dagen i heile året er ein raud dag, ikkje uventa 1.mai. Det har nok samanheng med Konradløpet. Minner om Dagblad-kåringa ”Klubben i mitt hjerte”. No tre dagar att – hald ut.