FAKTA TRIMÅRET 2008

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Nov 2008



FAKTA TRIMÅRET 2008


Vi er mest imponert over 95 år gamle Anna Haugen som hadde 81 turar i Riksheimdalen
   

 Oddmund Skylstad på 85 år hadde 127 turar til Sætreelva i Holemarka. Han hadde hatt langt fleire om han ikkje vart sett ut av spel av ein skade deler av sesongen.
   

 24.juli 2008 var trimåret der Nils Terje Skylstad gjorde ”stuntet” med å ta alle trimpostane (minus Riksheimdalen) på same dag, og han nytta ikkje sykkel eller bil mellom postane.
   

 Berre kvinner på ”topp-5”-lista på Vellesætra
   

 Berre menn på ”topp-5”-lista i Regndalen (lett blanding på alle andre postar)
   

 Anette Fet er einaste person under 20 år som er inne på éi av dei tolv ”topp-5”-listene
   

 Åtte av tretten trimpostvinnarar (delt på Høgsætra) var kvinner.
   

 Arnhild Linga (Velle- og Brunstadsætra) og Anita Hjorthol (Skogsvegen Hjorthol og Koppen) vann to turmål kvar.
   

 Den samla deltakarrekorden for alle turmåla (frå 2007) overlevde med knapp margin (kjem tilbake til dette).
   

 Liv Skogvold sin poengrekord på fantastiske 2629 poeng frå 2002 overlevde med god margin
   

 Det same gjorde Bård Erstad sin rekord på 293 turar på same turmål i løpet av éin sesong.
   

 Samanlagtvinnaren vert offentleggjort ved eit seinare høve