BRUNSTADSÆTRA
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Nov 2008
Eit heller lett turmål som gir fire trimpoeng. Lista vert toppa av Arnhild Linga, kjend som ein av dei storepoengsankarane, og med ei rad totalsigrar i ”karakterboka”. På andreplass finn vi Marianne Urke som kom som eit skot litt ut i sesongen. Elles ser vi at Brunstadsætra er kvinnedominert mellom dei fem på topp. Av mannlege er det
berre Per Steinar Linga som kiler seg inn på ein delt 3.plass med Inger Anne Brunstad. Mor til Inger Anne, Solfrid, er nummer fem.
Resultat:
1. Arnhild Linga
119 turar
2. Marianne Urke
91
3. Inger Anne Brunstad
76
3. Per Steinar Linga
76
5. Solfrid Brunstad
73