IDRETTSSKULESTART
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Okt 2008
Velledalen IL sin idrettsskule startar opp onsdag 22. oktober, heiter det i eit skriv frå idrettsskulestyret. Fyrste aktivitet denne hausten er friluftsliv – perioden varer fram til 10. desember. Alle skal møte samstundes (klokka 1730) på Slettegjerde i Straumgjerde. Ein må kle seg godt, ha med lommelykt og ein liten lommekniv, skriv idrettsskulestyret som er samansett slik:
Gunn Tove Brochmann Skylstad (leiar)
Inger Anne Brunstad
Knut Kalvatn
Geir Ståle ”Rossi” Rasmussen
Janne Drabløs.