Fiskerikt drikkevatn

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Aug 2008

Strandarane har eit ualminneleg fiskerikt drikkevatn. Nyleg sette ein sykkylving – som ikkje vil ha namnet sitt på trykk – ut 24 korker på Svartevatnet. Dagen etter sanka han inn korkene. Ein krevjande jobb som tok tre og ein halv time. Men det var verdt ”slitet”. Resultatet var fisk på 2/3 av korkene. Samla fangst vart på 1,9 kilo finfin fjellaure.