Brøvollskalven fanga
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Aug 2008
Den seks månader gamle kalven som rømde frå garden Solberg på Brøvoll under utslepp tidlegare i sommar er no fanga. Kring seks veker har den vore på frifot. Det meste av tida på Brunstad, men også andre stader har den vitja. Måndag 4. august der den vart fanga i ei ”fangkasse” på Brunstad.
Deretter fekk den ei solid dose ”berolegande” frå veterinær, før den vart frakta med traktor tilbake til fjøsen den rømde frå. Bergingsaksjonen vart gjennomført av kalveeigaren i samarbeid med to bønder frå Hole.