Så er det over…
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Aug 2008
Ja, vi siktar til fellesferien. Vêrmessig ein av dei beste på lang, lang tid. Mange dagar utan nedbør og svært høge temperaturar.
Også badetemperaturane har vore upåklaglege. Frå ”Nysætervatnet beach” vert det meldt om 23 grader i vatnet. Frå Fetvatnet har det ikkje kome inn nokon rapport, men truleg badande der òg.
Frå Jokerbutikken vert det meldt om framifrå handel. Høgare omsetning enn i 2007 i
samtlege veker i fellesferien. Fjellfolket har vore gode bidragsytarar, og pr. dato synest det sikkert at omsetninga vil ende godt over det budsetterte når året er omme.
Og det er ikkje berre på Brunstad hoggormen er komen på ville vegar. Frå Hole vert det meldt om hoggorm i Klaushagen, like ved hytta til Svein Skylstad (tidlegare Signe Skylstad).
Jordbæra er truleg på plass i frysaren. Blåbæra er moden, det same er moltebæra i fjellet. Desse er det ikkje flust av på våre kantar, men kjenner ein rette plassane er det håp.
Så er det berre å vone at ei veltrimma vekkjarklokke tek deg ut av svevnen til rett tid måndag morgon. Og fortvil ikkje. Elleve månader går i ein fei, lenger er det nemleg ikkje til neste ”fellesferie, type sommar”.