Velberga ned frå 20 meter.
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jul 2008
Ole Peder Christian Holmberg og Aleksander Straumsheim var mellom dei 24 som vart berga ned, då berg- og dalbana ”Demonen” fekk teknisk svikt ved tivoli i København i går. Ole Peder og Aleksander sat bakerst, då det brått vart stopp kring 20 meter over bakken. Ettersom dei sat bakerst, tok det berre kring fem minutt før dei var i sikkerheit. For andre var det verre, og det gjekk framimot timen før dei siste var berga ned.
- Alt står bra til med gutane, og eg trur ikkje dei har teke skrekken, seier Per Gunnar Holmberg til velledalen.net.
Men så er det også to harbarka berg- og dalbaneaktørar som var i sving i København. Det var fyrst under gutane sin 17.tur med bana at uhellet hende