Sterke lokale maratonresultat
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jul 2008
NM i maraton vart arrangert i Jølster sist helg. Helge Hafsås frå Olden vart beste lokale løpar med tida 2.47.27. Det heldt til ein fjerdeplass totalt. Meir overraskande var det at velledalingen Sverre Gunnar Brunstad, som no spring for Lørenskog, kom inn på plassen etter Hafsås med tida 2.49.51. Hafsås og Brunstad tok dei to fyrste plassane i klasse 40-44 år.
Elles gjorde Helge Fugleseth eit godt løp i klasse 55-59 år, der han vart nummer fem på 3.36.23. Og ikkje minst evigunge Leif Feøy imponerte. Han vann klasse 70-74, på gode 3.50.22.
Suveren NM-vinnar vart Henrik Sandstad frå Steinkjer, som sprang 42195 meter på 2.28.36