Fetvatnet Rundt
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jun 2008
God temperatur og vindstille vær var den perfekte ramma kring tredje utgåva av Fetvatnet Rundt. 120 deltakarar, 88 på sykkel og 32 til fots nytta siste sundagen før fellesferien til sunn tidtrøyte. Dei yngste og dei eldre var best representert, og etter dei åtte kilometerane var tilbakelagt, fann dei fleste roa i Turid og Pål Rune Fet sitt hageparadis like ved Fetvatnet. Her var det servering av kaffi, vafler, pølser og hamburger. Eit flott sosialt etterspell for store og små. Ja, dei tøffaste kledde av seg og tok eit realt bad i vatnet.
Farta er ikkje så viktig i mosjonsidrett, heller ikkje i Fetvatnet Rundt. Men det er tidtaking, mest fordi dei som ynskjer skal få kjempe mot seg sjølve. Dessidert tøffaste duellen stod mellom Christina Holmberg og onkelen hennar Per Gunnar. Gartneridirektøren måtte heilt i kjellaren for å avgjere spurten i sin favør
Fleire bilder finndu i album, Fetvatnet rundt 2008
1 Ole Johan Risa 13.50 (ny løyperekord)
2. Kenneth Fet 15.30
3. Jo Andre Tandstad 15.34
4. Bård Erstad 17.02
5. Jan Halvard Holmøy 17.51
6. Svein Arne Nakken 18.19 (med passasjer)
7. Bastian Weiberg Aurdal 18.49
8. Ove Skylstad 20.07
9. Tor Olav Tandstad 20.25
10. Robin Jørgensen 21.21
11. Gunnar Skogvold 21.40
12. Robin Urke Brunstad 21.42
13. Petter Tandstad 21.46
14. Ole Martin Tandstad 22.17
15. Anette Fet 22.27 (beste jente)
16. Håkon Tandstad 23.25
17. Line Hjortdal Gjersrud 23.28
18. Karoline Brunstad 23.30
19. Torild Hole 26.01
20. Elias Fet Sortevik 26.54
21. Ole André Fet 27.00
22. Stig Midtgård 27.28
23. Kristian Berg 28.38
Løp
1. Håkon Fedt 32.53
2. Rolf Haxthow 33.09
3. Eldar Høidal 38.18
4. Odd Lennart Lien 39.35
5. Per Gunnar Holmberg 41.23
6. Christina Holmberg 41.24
7. Oddvar Rønneberg 41.54
8. Ole Peder Holmberg 46.28