Nye medaljar til Hilde
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mai 2008
Det vart to nye medaljar til Hilde Riksheim Tandstad under andre dag av friidretts-KM på Straumsnes. Det opna med bronse i lengde etter eit bestehopp på 4,70 meter – ny personleg rekord. Ein sterk prestasjon med tanke på lite trening i denne greina.
Etter ein kort pause deltok Hilde på 800 meter, der ho tok sin andre sølvmedalje under KM. Tida 2.33, var to sekund bak vinnaren, Maria Vattøy frå Dimna
- Av dei to øvingane sundag er eg mest nøgd med lengderesultat, fortel Hilde til velledalen.net, på heimveg etter ei helg som gav nyttig erfaring og tre KM-medaljar. Neste helg ventar Dimnaleikane i Ulsteinvik