Hilde opna med sølv

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mai 2008

Hilde Riksheim Tandstad (16) sikra seg ein sterk sølvmedalje i sin fyrste start under KM-helga i friidrett på Nordmøre (Straunsnes). Distansen var 1500 meter og Hilde kom inn på fine 5.20 i debutløpet på distansen. Vinnar var ei sunnmørsjente, Maria Vattøy frå Dimna IL.
- Eg vart litt stiv mot slutten, men er ganske godt nøgd med løpet, sa Hilde til velledalen .net. I morgon (sundag) deltek Hilde i lengdehopp og 800 meter.