KONRADREKORD…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Apr 2008
Eit drygt døgn før det sjuande Konradløpet, formeleg strøymde påmeldingane inn til arrangøren. Kvelden 29. april hadde arrangøren om lag 280 påmelde, som er meir enn på same tid i 2007 då vi enda på 422 deltakarar. Dermed er det alt no klart at vi kan kåre deltakar nummer 2000 under årets løp. Arrangøren tek mot påmeldingar heilt fram til start, 1.mai klokka 0500.
Minikonrad (30.april) samla 64 deltakarar i 2007. Dette løpet er for aldersgruppa 0-16 år, og treng fleire deltakarar om det skal bli rekord. Starten her er klokka 18.30. I dette løpet vert alle premiert, og også her kan ein melde seg på heilt fram til start.
Arrangøren minner om at alle som kan, bør hente startnummeret i stemnekontoret ved Jokerbutikken onsdag 30.april (ope 1800-2100). På den måten slepp vi kaos løpsdagen. Løparar som kjem frå andre kommuner slepp sjølvsagt dette.