Konradnytt

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2008

Påmeldingane sig no inn til den sjuande utgåva av Konradløpet, og det er hektisk aktivitet hjå arrangørane. Startnummer, medaljar og deltakarpremiar til Minikonrad er på plass. Funksjonærlistene er sendt ut, premiar skal ”tiggast”, grendahuset skal møblerast til å kunne ta mot frukostgjester. Ja det går med ein heil del mat, men dei driftige damene som styrer dette har kontroll. Vi nemner òg at nye Konradkrus er i kjømda. Så berre meld deg på:
Rolf Haxthow tlf. 952 95 076 – e-post: haxthow@online.no
Nils Terje Skylstad tlf. 70 25 06 44 – e-post: nils.terje@c2i.net
Atle Hole tlf. 70 25 07 49 – 917 43 761 –e-post: atlehole@online.no

Frå Gjøvik
Fleire av deltakarane i Konradløpet har lang reiseveg. Ekteparet Klara og Øivind Lundberg kjem eksempelvis eins ærend frå Gjøvik for å delta.

Ny utanlandsrekord
Deltakarar frå ti ulike nasjonar har delteke i Konradløpet. Farta er ikkje viktig i Konradløpet, men vi nemner at Fadel Traore frå Elfenbeinskysten har utanlandsrekorden med 20.29 sett i 2007. Rykta seier at Traore vil slette denne i årets løp.

Spring dobbelt.
Påmeldinane viser at mange av den yngre garde melder seg på både i Minikonrad (30.april) og hovudløpet 1.mai. Slett ikkje dumt. Vi minner om at i Minikonrad vert alle premiert, og det er heller inga lita premiering. Starttidspunkta er slik:
Minikonrad årsklasse 1992-1997: 30. april start klokka 18.30
Minikonrad årsklasse 1998-2008: 30.april start klokka 18.45
Konradløpet: 1.mai start klokka 05.00

Deltakar nummer 2000
Ja, eit fantastisk tal som vert passert i 2008 dersom vi får 255 deltakarar eller meir. Før årets løp har vi registrert 1745 deltakarar. Dersom det eksempelvis vert 100 deltakarar under årets Minikonrad er vi oppe i 1845. Det vil seie at startnummer 155 i hovudløpet vert deltakar nummer 2000, og den personen vil vi gjere litt ekstra stas på. Berre for å ha nemnt det; Ilyas Degirmenci vart deltakar nummer 1000 i 2006.