Gratis Frukost
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Apr 2008
Enkelte trur at VIL tener grovt med pengar på Konradløpet. Det er ikkje tilfelle, og det er heller ikkje hensikta. Det viktigaste med løpet er trim og trivsel i lag, på tverrs av generasjonar og fysiske ferdigheit.
Gratis frukost starta vi med i jubileumsåret 2006. Motakinga var så positiv at ordninga held fram. Har du ein favorittrett som du meiner bør vere med på eit frukostbord, må du gjerne kome med den. Ta i så fall kontakt med ein av frukostgeneralane Elisabeth Urke Hjorthol eller Anita L. Hole. Det vil heilt sikkert gle dei.