Vass-skrekk…??
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mar 2008
-No har velledalingane berre éin månad på seg til å motbevise at dei ikkje lir av vass-skrekk. Det er leiar i symjehallen, Halvard Hjorthol, som på denne måten prøver mane velledalingane ut i vatnet i eige basseng. Det er ei kjend sak at velledalingane har eit ynkeleg badeframmøte, særleg tysdagane og torsdagane. I 2007 gjekk symjehall drifta i Velledalen kring 60 000 kroner i underskot. Badeframmøtet gjekk ned med 8 prosent i høve til året før. Så velledalingar, la oss vise symjehallstyret at vi kan. La det bli trangt om saligheita alt tysdag 1. april.