Konrad Ekstrem

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mar 2008

Konradløpet er heile tida i utvikling. Styret i Velledalen IL har bestemt at det i 2008 skal arrangerast eit ”Konrad Ekstrem”, i tillegg til Minikonrad og det tradisjonelle Konradløpet.

Mange hugsar sikkert at Konrad Brunstad ei tid nytta Koppen som mål for treningsturane sine. Vanlegvis kom han ned i Velledalen sitt lavland, om lag samstundes med at industriarbeidarane reiste utover på jobb.

Dato for det nye løpet er ikkje bestemt, men det vil bli gjort offentleg om kort tid. Løpet vil starte ein eller anna stad på Hjorthol, med Svein Hjorthol som løypesjef, og ha mål på Koppen. Motbakkeløp, med andre ord. Planen er at løpet, som vert å sjå på som eit prøveløp, skal gå i dagslys. Minikonrad og Konradløpet samla i 2007 den nette sum av 422 deltakarar