Sterke Vasalopp
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mar 2008
Svein Arne Nakken og Stian Mork representerte VIL på ein flott måte i Vasaloppet sist helg.
Svein vart nummer 955 med tida 5.24.42 (ny VIL-rekord). Svein gjekk seg fram 440 plassar frå fyrste målestasjon (låg der på 1395.plass) i løpet av dei 90 kilometerane frå Sälen til Mora.
Stian hadde litt dårlegare startposisjon. Han var nummer 2360 ved fyrste målestasjon. Ved Hökberg (etter 70 km) var han nummer 1308, men tapte nokre plassar mot slutten, slik at han enda som nummer 1352, med sluttida 5.44.25. Stian gjekk seg altså fram 1008 plassar.
Flotte prestasjonar av begge våre, i eit renn der om lag 15000 løparar starta.