Nakken i vinden.
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2008
Den nye langrennsgruppa i VIL har hatt konstituerande møte. Her vart det
klart at den aktive læraren og småbrukaren, Svein Arne Nakken, skal leie gruppa det komande året. Med seg i styret har han: Torild Hole, Asbjørn Tandstad, Bård Erstad, Pål Rune Fet, Magne Nilsen og Lars Inge Sæther.
No i helga er Svein i Sverige, der han skal gi seg i kast med det 90 km lange Vasaloppet frå Sãlen til Mora. Det greier ”Gyls-Svein” leikande lett. Vi kryssar fingrane for godt vêr og føre. Då vert alt mykje kjekkare.