Sverre held koken

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Feb 2008

Sverre Gunnar Brunstad held stø kurs og stabil form under Romerikekarusellen. Nyleg deltok han på Årnes. Dette var eit av dei kortare løpa i karusellen, med ei løypelengde på om lag tre kilometer. Sverre Gunnar vart nummer to i klasse 40-44 år, og nummer fire totalt, av dei 106 løparane som fullførte. Han fekk tida 10.29, i eit løp der klassevinnaren hadde 10.14 og totalvinnaren 9.46.
1.mai håper alle i VIL på debut i Konradløpet for Sverre Gunnar.