Atle Hole held fram

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jan 2008

Knappe 20 personar av ei medlemsmasse på 244 møtte på VIL sitt årsmøte i Velledalen grendahus måndag 28.januar. Årsmøtet var i stor grad prega av stabilitet, der dei fleste tok attval. I hovudstyret kom Geir Helge Grebstad inn i staden for Bastian Skogvold som flyttar til Bergen til hausten. Dei øvrige i styret vart: Ove Skylstad, Anita L. Hole, Elisabeth Urke Hjorthol.

Elles kom Asbjørn Tandstad inn som ny i langrennsgruppa, Rolf Haxthow ny i friidrettsgruppa og Gunn Tove Brochmann Skylstad ny i idrettsskulestyret.

Laget kunne vise til eit rekordstort overskot (over 100 000 kroner), hovudsakleg på grunn av mange rause gåver i samband med 100 års jubileumet i februar 2007.