Fødselsdagar i vinterferien

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Feb 2024

Vinterferien er over, og somme i VIL-miljøet har hatt åremålsdagar. Til og med jubileum.

 

På etterskot, gratulerer vi Ivar Arne Flo med 80 års dagen den 23.februar. Ivar Arne Flo er truleg best kjend som mannen som sakna flest poeng ved trimposten i Riksheimdalen. Dette gjorde han år etter år og var alltid inne på topp-10 lista samanlagt. I tillegg representerer han kvart einaste år Velledalen IL under minimaraton (4,2 km) i Hornindal.

 

22.februar vart «stordalsjenta» Malene Fløtre Busengdal halvparten så gamal. 40 år er ingen alder. To dagar etter Malene, var det svigermor hennar, Bjørg Frøystad Hole, sin tur til å fylle år. Ho vart 69. Bjørg er æresmedlem i Velledalen IL og sit for tida som leiar i trimgruppa. Som betyr at ho er «sjef» for arrangement som Romjulsmarsjen og diverse andre trimaktivitetar med både trimbingo og grilling.

 

Foto som fylgjer saka er frå Bjørg si velmakstid. Og vi brukar akkurat dette fotoet som ei varsling om at dama til venstre, Eldrid Myhre, fyller 70 år i mai. Bjørg og Eldrid var begge pionerar innan den lokale damefotballen. 



- Fotoet er truleg henta frå ein VRF-fest ein gong på 1980-talet


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.