Er det aktivitet på trimpostane…?

    Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2024

    Velledalen IL har 15 trimpostar i drift. Korleis er aktiviteten – vert det trimma?

     

    Vi starta vår vesle sjekk ved posten i skogsvegen Fet. Gode forhold med nesten vårleg stemning etter vegen. Einaste litt snø i ei lengde av kring 30 meter i nedre del av lengste motbakken. Elles klink joggeskoføre heile vegen.

     

    Kassa i enden av skogsvegen er diverre ikkje god. Ei av dei som bør skiftast i løpet av året.

     

    Meldaren vår kjende pulsen steig då boka kom til syne ved opning av boksen. Kor mange hadde teikna seg i trimboka etter at 5/12 av  sesongen var ferdig. Rekneskapen for posten trong ein ikkje høgre utdanning for å klare. Stoda var slik:

    4 turar: Helen Longva Fet

    2 turar: Anne Britt Hammer

    1 tur:  15 ulike utøvarar

    I alt: 21 noteringar, som vil seie ei full side pluss eitt namn på side to.  


    (Biletet er ifrå skogsvegen Drabløs)


    Kommentarer

    Logg inn for å skrive en kommentar.