Skogsvegen Straumsheim: Skyhøgt nivå

Postet av Atle Jomar Hole den 13. Jul 2024

 

Nivået er skyhøgt mellom dei beste på denne posten, langt verre at eit fåtal kan telje.

 

Køyrer ein med bil til Slettegjerde, er trimposten i skogsvegen Straumsheim posten med kortast distanse av Velledalen IL sine 15 postar. Her kan ein hente to trimpoeng i løpet av 15 minutt (ein veg) i gangtempo. Dei som gjer det oftast, sorterer under kategorien eldre menn.

    Då Velledalen IL sin meldar var innom posten fredag 12.juli klokka 12.30, hadde posten godt over 1300 noteringar - og stoda var slik:

273 noteringar: Reidar Fure

218 noteringar: Kåre Hunnes

208 noteringar: Einar Fet

  40 noteringar: Inger Anna Fet.

 

Vanlegvis plar vi offentleggjere topp-5-lista. Men her har vi berre fire namn, og det har sin grunn:

  • Ja, tenk dykk! Eldre menn som Reidar Fure, Kåre Hunnes og Einar Fet (vert 80 år 17.juli) greier telje til langt over 200. Medan gjerne yngre personar enn dei nemnde, ikkje er i stand til å halde greie på turane sine i området 1-35, mest som om det skulle vore ei skam. Dette har vorte eit «problem» både i skogsvegen Straumsheim og på Bruna.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.