Skogsvegen Straumsheim: Skyhøgt nivå
Postet av Atle Jomar Hole den 13. Jul 2024
Nivået er skyhøgt mellom dei beste på denne posten, langt verre at eit fåtal kan telje.
Køyrer ein med bil til Slettegjerde, er trimposten i skogsvegen Straumsheim posten med kortast distanse av Velledalen IL sine 15 postar. Her kan ein hente to trimpoeng i løpet av 15 minutt (ein veg) i gangtempo. Dei som gjer det oftast, sorterer under kategorien eldre menn.
Då Velledalen IL sin meldar var innom posten fredag 12.juli klokka 12.30, hadde posten godt over 1300 noteringar - og stoda var slik:
273 noteringar: Reidar Fure
218 noteringar: Kåre Hunnes
208 noteringar: Einar Fet
40 noteringar: Inger Anna Fet.
Vanlegvis plar vi offentleggjere topp-5-lista. Men her har vi berre fire namn, og det har sin grunn:
- Ja, tenk dykk! Eldre menn som Reidar Fure, Kåre Hunnes og Einar Fet (vert 80 år 17.juli) greier telje til langt over 200. Medan gjerne yngre personar enn dei nemnde, ikkje er i stand til å halde greie på turane sine i området 1-35, mest som om det skulle vore ei skam. Dette har vorte eit «problem» både i skogsvegen Straumsheim og på Bruna.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025