Halvmaraton-KM: Maktdemonstrasjon av Ørsta
Postet av Atle Jomar Hole den 25. Mai 2025
19 av 35 fullførande under halvmaraton-KM kom frå Ørsta kommune
Ni klubbar hadde med utøvarar under KM-halvmaraton på Vartdal i går. Kravet for å delta er at løparen representerer ein klubb som har betalt kontingent vidare oppover i systemet. Her fylgjer dei harde fakta frå årets KM-halvmaraton, arrangert på Vartdal laurdag 24.mai:
Frå Sunnmøre: 34
Frå Romsdal: 1
Frå Nordmøre: 0
Desse klubbane var representerte:
14: Ørsta IL
6: Volda T&IL
5: Vartdal T&IL
3: Velledalen IL
3: Ålesund FIK
1: Bergsøy IL
1: Hareid IL
1: Isfjorden IL
1: Hakallestranda Kondisjonslag
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe er neppe nøgd med tre utøvarar frå Velledalen IL til dette løpet. Men dei som var der leverte
KM-titlane gjekk til desse klubbane:
6stk: Ørsta IL
2 stk: Velledalen IL
2 stk: Ålesund FIK
1 stk: Volda T&IL
1 stk: Hareid IL
Ørsta IL tok like mange titlar åleine som dei andre klubbane tilsaman. Er vel det ein kallar ein maktdemonstrasjon!
Fleire fakta:
Seks kvinner deltok i KM, fire frå Ørsta IL, to frå Volda T&IL. Nesten ei skam at ingen andre stadar – frå resten av Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre – har ein einaste utøvar. Ein kan skulde på så mangt; stemnekollisjonar, tung løype, at det ikkje passa inn i planane, eller mange andre gode argument. Friidrettskretsen bør nok ta ein alvorleg diskusjon på om desse arrangementa skal halde fram. Slik det ser ut no så ynskjer ikkje utøvararne eit KM i halvmaraton. Men det utøvarane uansett skal hugse er:
- Vann du klassa di på Vartdal, og deltok i KM, er du kretsmeister for Møre og Romsdal og vert premiert (dei tre beste i kvar klasse) for det.
- Vinn du klassa di i Ålesund 7.juni, ja, så er du faktisk ingenting. Mest truleg vert du ikkje eingong premiert.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.