Halvmaraton-KM: Maktdemonstrasjon av Ørsta

Postet av Atle Jomar Hole den 25. Mai 2025

 

19 av 35 fullførande under halvmaraton-KM kom frå Ørsta kommune

 

Ni klubbar hadde med utøvarar under KM-halvmaraton på Vartdal i går. Kravet for å delta er at løparen representerer ein klubb som har betalt kontingent vidare oppover i systemet. Her fylgjer dei harde fakta frå årets KM-halvmaraton, arrangert på Vartdal laurdag 24.mai:

Frå Sunnmøre: 34

Frå Romsdal: 1

Frå Nordmøre: 0

 

Desse klubbane var representerte:

14: Ørsta IL

  6: Volda T&IL

  5: Vartdal T&IL

  3: Velledalen IL

  3: Ålesund FIK

  1: Bergsøy IL

  1: Hareid IL

  1: Isfjorden IL

  1: Hakallestranda Kondisjonslag

 

Friidrettsleiar Alf Petter Bøe er neppe nøgd med tre utøvarar frå Velledalen IL til dette løpet. Men dei som var der leverte

 

KM-titlane gjekk til desse klubbane:

6stk: Ørsta IL

2 stk: Velledalen IL

2 stk: Ålesund FIK

1 stk: Volda T&IL

1 stk: Hareid IL

Ørsta IL tok like mange titlar åleine som dei andre klubbane tilsaman. Er vel det ein kallar ein maktdemonstrasjon!

 

Fleire fakta:

Seks kvinner deltok i KM, fire frå Ørsta IL, to frå Volda T&IL. Nesten ei skam at ingen andre stadar – frå resten av Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre – har ein einaste utøvar. Ein kan skulde på så mangt; stemnekollisjonar, tung løype, at det ikkje passa inn i planane, eller mange andre gode argument. Friidrettskretsen bør nok ta ein alvorleg diskusjon på om desse arrangementa skal halde fram. Slik det ser ut no så ynskjer ikkje utøvararne eit KM i halvmaraton. Men det utøvarane uansett skal hugse er:

  1. Vann du klassa di på Vartdal, og deltok i KM, er du kretsmeister for Møre og Romsdal og vert premiert (dei tre beste i kvar klasse) for det.
  2. Vinn du klassa di i Ålesund 7.juni, ja, så er du faktisk ingenting. Mest truleg vert du ikkje eingong premiert.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.