Syltynt på Høgsætra trimpost

Postet av Atle Jomar Hole den 24. Jul 2025

 

Les om ein trimpost på «sparebluss»

 

Høgsætra trimpost er ikkje mest kjende for  høgt frammøte. Men sesongen vi no er inne i, tek kaka. I går, då det mangla knappe ti veker på sesongslutt, var det 15 noteringar på posten. Dei beste plasserte seg slik:

4 turar: Nils Terje Skylstad

3 turar: Inger Anne Brunstad

1 tur: Åtte utøvarar.

 

Med 15 noteringar på ti månadar, vil det seie at 1,5 personar er innom posten kvar månad.

«Neda Brauta» - som var eit mykje brukt «begrep» i Velledalen før i tida – har ein person ( 1.person) vore innom. All honnør til Bjørn Inge Fet!

 

Vi håper fleire i Velledalen kan tenkje seg eit besøk til Høgsætra trimpost resten av sesongen.

Ein trimpost som formeleg SKRIK etter å bli nedlagt!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.