Syltynt på Høgsætra trimpost
Postet av Atle Jomar Hole den 24. Jul 2025

Les om ein trimpost på «sparebluss»
Høgsætra trimpost er ikkje mest kjende for høgt frammøte. Men sesongen vi no er inne i, tek kaka. I går, då det mangla knappe ti veker på sesongslutt, var det 15 noteringar på posten. Dei beste plasserte seg slik:
4 turar: Nils Terje Skylstad
3 turar: Inger Anne Brunstad
1 tur: Åtte utøvarar.
Med 15 noteringar på ti månadar, vil det seie at 1,5 personar er innom posten kvar månad.
«Neda Brauta» - som var eit mykje brukt «begrep» i Velledalen før i tida – har ein person ( 1.person) vore innom. All honnør til Bjørn Inge Fet!
Vi håper fleire i Velledalen kan tenkje seg eit besøk til Høgsætra trimpost resten av sesongen.
Ein trimpost som formeleg SKRIK etter å bli nedlagt!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Velledalen IL har høgaktuelle julegåver
09.12.2025
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025