Fin VIL-tropp til Hornindal

Postet av Atle Jomar Hole den 25. Jul 2025

Arkovfoto frå 2024

Fire ulike distansar under Hornindalsvatnet Maraton, arrangert laurdag 26.juli.

 

Laurdag 26.juli vert to løps-arrangement med lang fartstid arrangert. I Valldal vert Jorbærdilten arrangert. 14 namn stod på påmeldingslista fredag 25.juli klokka 09.00, men løpet har tradisjon for at hovud-påmeldinga finn stad løpsdagen, så deltakinga vert nok god. Hovudløpet er 3,2 km i Valldal.

 

I Hornindal stod 116 namn på lista eit drygt døgn før løpsstart. Seks av desse med Velledalen IL bak namnet sitt. Her er Velledalen IL sin tropp fredag 25.juli klokka 09.00:

Minimaraton trim: Ivar Arne Flo

10 km: Bjørn Arve Brune (M 60-64), Ludvig With (M 50-54), Frank Andersen (M 35-39) og Robin Jørgensen (M 23-34).

Heilmaraton: Hilmar Kråkenes.

 

Altså seks menn førebels. Troppen kan fort gjort vekse, og vi håper at vi kan vere representerte også med nokre kvinner. Kortaste distansen er på 4,2 km – med andre ord overkomeleg for alle. Som vi ser kastar Hilmar seg på heilmaraton, hans fyrste løp etter deltakinga i Oslo-Bergen Trail. 13 namn stod på heilmaraton-lista eitt døgn før løpet i Hornindal.

 

Vi ynskjer alle Velledalen IL-utøvarar som skal i aksjon her – eller andre stadar, ei god sportsleg helg!!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.