Fin VIL-tropp til Hornindal
Postet av Atle Jomar Hole den 25. Jul 2025
Arkovfoto frå 2024
Fire ulike distansar under Hornindalsvatnet Maraton, arrangert laurdag 26.juli.
Laurdag 26.juli vert to løps-arrangement med lang fartstid arrangert. I Valldal vert Jorbærdilten arrangert. 14 namn stod på påmeldingslista fredag 25.juli klokka 09.00, men løpet har tradisjon for at hovud-påmeldinga finn stad løpsdagen, så deltakinga vert nok god. Hovudløpet er 3,2 km i Valldal.
I Hornindal stod 116 namn på lista eit drygt døgn før løpsstart. Seks av desse med Velledalen IL bak namnet sitt. Her er Velledalen IL sin tropp fredag 25.juli klokka 09.00:
Minimaraton trim: Ivar Arne Flo
10 km: Bjørn Arve Brune (M 60-64), Ludvig With (M 50-54), Frank Andersen (M 35-39) og Robin Jørgensen (M 23-34).
Heilmaraton: Hilmar Kråkenes.
Altså seks menn førebels. Troppen kan fort gjort vekse, og vi håper at vi kan vere representerte også med nokre kvinner. Kortaste distansen er på 4,2 km – med andre ord overkomeleg for alle. Som vi ser kastar Hilmar seg på heilmaraton, hans fyrste løp etter deltakinga i Oslo-Bergen Trail. 13 namn stod på heilmaraton-lista eitt døgn før løpet i Hornindal.
Vi ynskjer alle Velledalen IL-utøvarar som skal i aksjon her – eller andre stadar, ei god sportsleg helg!!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Slik spring ein hardhaus maraton!
27.07.2025

Strava-kommentarar frå idrettshelga
27.07.2025

Tre VIL-utøvarar sprang Jordbærdilten
26.07.2025

Hornindalsvatnet Maraton 2025
26.07.2025

Sterk VIL-kvartett på 10 km i Hornindal
26.07.2025

Hilmar slo tilbake i Hornindal
26.07.2025