Vil du vere med på idrettsskule?
Postet av Ann-Helen Hole den 14. Aug 2025
Idrettskulen til Velledalen IL har ledige plassar til hausten. Idrettsskulen skal vere eit lavterskeltilbod for born i alderen 6-8 år (1.-3.klasse). Her er det ikkje fokus på prestasjonar eller konkurranse. Vi ønskjer å legge til rette for at borna skal oppleve bevegelsesglede samstundes som dei har det sosialt og kjekt i lag. I løpet av året får dei prøve ulike aktivitetar. Nokre eksempel på aktivitetar vi har hatt tidlegare år er leikprega friidrett, orientering, skileik, symjing, friluftsliv, ballkontroll med meir.
Idrettsskulen blir arrangert torsdagar kl. 17.30-18.30. Fyrste gong i haust blir torsdag 11. september. Stad kan vere avhengig av aktivitet, men hovudsakleg i Velledalen.
Påmelding kan sendast til annhelen90@gmail.com, eller som sms til 41859830. Fint om ein oppgir namn på barnet, klassetrinn og e-postadresse til ein føresett ved påmelding.
Pris for å vere med er 200 kr.
Tips gjerne dei du tenkjer kan ha interesse av dette tilbodet🙂
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Ann-Helen Hole

Juleavslutning for idrettsskulen
28.11.2024

Helgas o-samling vart avslutta med o-løp
08.09.2024
Bli med på idrettsskule!
25.08.2024
Vil du vere med på idrettsskule?
19.06.2024