Njål vart «Årets veteran» i Velledalen IL 2025
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Jan 2026
Med sterke prestasjonar på alt frå 3000 meter til heilmaraton
Njål Torillson Tyssing er inne i sin siste sesong i klasse M 40-44. Den nest siste – 2025-sesongen – vart så sterk at juryen gav han prisen «Årets veteran», under Idrettsgallaen for idrettsåret 2025.
Her er noko av det Njål presterte:
HEILMARATON:
2.36.05 i Oslo – nummer to i NM klasse M 40-44
2.41.27 i Tokyo – beste nordmann i løpet
2.41.41 i New York
10 KM LANDEVEG:
32.23 Hytteplanmila – nr 5 i M 40-44
10 000 METER BANELØP:
33.08 Kvalheim-mila
5000 METER BANELØP:
16.02 – Bislett i april 25
15.55 – Sankthanshaugen 5000, august 25
3000 METER BANELØP:
9.19 – Bislett, mars 25
9.06 – Bislett, juni 25
9.03.8 – Bislett, september 25
Prisen «Årets veteran» vert truleg overrekt under årets PåskeKonrad. Dato for arrangementet er førebels ikkje spikra, men det vert tidleg påske i 2025, så det er ikkje fælt lenge til. Velledalen IL friidrett, vil melde datoen så snart dei har bestemt seg.
Velledalen IL gratulerer Njål med prisen!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sentrumsløpet: Anders Westrheim på 17.plass
25.04.2026
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026