Halvårsmøte i Friidrottsgruppa
Postet av Henning Tandstad den 19. Jan 2026
Sundag 18. januar hadde friidrottsgruppa sitt halvårsmøte for vårparten av 2026 i Aursnes Kiosk.
Gruppa ser slik ut: Alf Petter Bøe, Frode Mauren, Henning Tandstad, Vegard Tandstad, Bjørn Arve Brune, Susan Gjerde og Frank Andersen. Alle møtte. Friidrottsgruppa er tidleg ute, og dei nye medlemane er allereie valt inn.
Bøe er fungerande leiar fram til konstituering av verva innad i gruppa skjer etter årsmøtet for rekneskapsåret 2025. Merk at det er valnemnda som er ansvarleg for å spørje eksisterande leiar om å halde fram, og eventuelt kome med framlegg til ny gruppeleiar under årsmøtet.
Friidrettsgruppa sette på papiret følgande, og melder om ein hektisk mai månad:
- PåskeKonrad skjer onsdag i påskeveka (1. april) kl. 10:00 ved Nærbutikken. Om vêrtilhøva er dårlege, er det ønskjeleg å låne butikklokala på Brunstad til ein liten frokost. Fungerar også som eit testløp for EQ Timing før Konradløpet. Påmelding ved start ein liten time før.
- Konradløpet går som normalt 1. mai, og påmeldinga opnar 1. februar. Lesten vil vere den same, men laget sitt EQTiming-system kjem inn for fullt.
- Startskotet for fjorårsdebutanten Sørestrandmila vil gå laurdag 30. mai. Gruppa hadde god evaluering etter arrangementet og trur dei kan løfte løpet til nye høgder i 2026, med vår- og haustutgåve. Her vil og påmeldinga opne i god tid før.
- Koldabakken Grand Prix vendar tilbake i 2026 og skjer ein gong mellom Konradløpet og Sørestrandmila. Alf Petter og Henning vil setje dato for dette. Gruppa vil halde på den forlenga utgåva med intervallstart frå "Hau-Garasja".
- Det arbeidast vidare med å arrangere eit "Konrad Bakgardsultra" ila. første del av mai. Det vil muleg ha Slettegjerde Stadion i Straumgjerde som utgongspunkt. Her kjem sjølvsagt meir informasjon etter synfaringar og vurderingar.
- Velledalen IL og friidrottsgruppa vil truleg ha ei rolle under Stranda Fjord Trail Race.
Med ynskje om ein fortsatt fin vinter til alle VIL-sympatisørar frå Friidrottsgruppa.
Vi vil og ønskje lukke til og støtte opp under skigruppa sine arrangement fram til friidretten er "i sesong" att i april-mai.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Henning Tandstad
Kaketiner
10.11.2025
Bilete frå trening i dag
02.11.2025
Arbeidsliste til Førjulsmessa
29.10.2025
Loddbøker i emning - vil du sponse premie?
23.10.2025