Revetal halvmaraton med VIL-deltaking

Postet av Atle Jomar Hole den 14. mai 2026

 Arkivfoto

Uansett kvar i landet ein stiller til start, kan ein treffe lagkameratar.

 

Revetal halvmaraton er eit ganske stort løp (6-700 deltakarar) i Vestfold med distansane 5 km og halvmaraton. Når Ellen Marie Hole mønstra til start på 5 km, var ho ganske sikker på å vere åleine som utøvar frå Velledalen IL. Men det var ho altså ikkje. Eldar Sindre Valkvæ var på plass. Distansen var halvmaraton og klassa M 65-69.

 

I alt fullførte 156 utøvarar 5 km.

Resultat 5 km kvinner – 74 fullførande:

  1. Karoline Wisløff Rud, 16.33
  2. Ingerid Fredriksen, 17.18
  3. Ine Skjellum, 17.22
  4. Marte Skaug, 17.52
  5. Kristin Vaardal-Lunde, 18.28
  6. Sophia Holtan Skotmyr, 19.24
  7. Ellen Marie Hole, VIL, 19.32
  8. Anette Nordby, 19.50
  9. Anna Kjellevik, 19.52
  10. Helga Bekkevold, 19.52
  11. Kaja Kjellevik, 19.55
  12. Linn Kristin Sølling, 20.21

 

Kommentar etter løpet frå VIL-utøvar, Ellen Marie:

  • Løypa skal vere kontrollmålt, men fekk 200 meter for kort på klokka. Veldig irriterande om det stemmer.

Ellen vart nummer 40 av alle på 5 km, nummer sju av alle kvinner og nummer fire i klassa si, K 23-34


Logg inn for å skrive en kommentar.