Revetal halvmaraton med VIL-deltaking
Postet av Atle Jomar Hole den 14. mai 2026
Arkivfoto
Uansett kvar i landet ein stiller til start, kan ein treffe lagkameratar.
Revetal halvmaraton er eit ganske stort løp (6-700 deltakarar) i Vestfold med distansane 5 km og halvmaraton. Når Ellen Marie Hole mønstra til start på 5 km, var ho ganske sikker på å vere åleine som utøvar frå Velledalen IL. Men det var ho altså ikkje. Eldar Sindre Valkvæ var på plass. Distansen var halvmaraton og klassa M 65-69.
I alt fullførte 156 utøvarar 5 km.
Resultat 5 km kvinner – 74 fullførande:
- Karoline Wisløff Rud, 16.33
- Ingerid Fredriksen, 17.18
- Ine Skjellum, 17.22
- Marte Skaug, 17.52
- Kristin Vaardal-Lunde, 18.28
- Sophia Holtan Skotmyr, 19.24
- Ellen Marie Hole, VIL, 19.32
- Anette Nordby, 19.50
- Anna Kjellevik, 19.52
- Helga Bekkevold, 19.52
- Kaja Kjellevik, 19.55
- Linn Kristin Sølling, 20.21
Kommentar etter løpet frå VIL-utøvar, Ellen Marie:
- Løypa skal vere kontrollmålt, men fekk 200 meter for kort på klokka. Veldig irriterande om det stemmer.
Ellen vart nummer 40 av alle på 5 km, nummer sju av alle kvinner og nummer fire i klassa si, K 23-34
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Ecotrail Oslo: Constantin stiller
29.05.2026
FORNEBULØPET: Resultat 10 km
28.05.2026