Strava-kommentarar frå Vartdal
Postet av Atle Jomar Hole den 24. mai 2026
Sjå kva nokre av Velledalen IL-løparane som var på Vartdal har lagt ut på Strava
Velledalen hadde fylgjande påmeldingar på Vartdal til løpet laurdag 23.mai:
HALVMARATON:
6 påmelde
6 startande
10 KM:
5 påmelde
3 startande
2 DNS
TOTALT:
11 påmelde
9 startande
2 DNS
PLASSERINGAR: Fem 1.plassar, to 2.plassar, ein 3.plass og ein 4.plass i løparane sine respektive klasser
HER KJEM NOKRE KOMMENTARAR FRÅ UTØVARANE:
FRODE MAUREN, 10 km:
- Følgde planen 100 prosent. God løpsfølelse og under terskel heile vegen.
STIAN HOLE, halvmaraton, tid: 1.28.47:
- Vartdal halvmaraton der eg spontan-påmelde meg på KM og resten av familien på «Team Kristian Øye» i trimklassa. I regn og vind må eg seie meg fornøgd. Sugande forhold både på asfalt og på grusen. Kupert og tøff løype, men ein må vere nøgd med sølv i KM.
BJØRN ARVE BRUNE, halvmaraton, tid: 1.32.58:
- Bra gjennomført løp, som fartshalder for Malin første del av løypa. Våt og kald med eit kort «krampestopp» siste halvdel. Tidsmessig ca 1 minutt betre enn i fjor.
MALIN BERGE, halvmaraton:
- Ingenting å skrive heim om. For lite trening siste veka til at dette var noko kroppen tolte bra, etter ei ganske stressande veke. Ein kamp frå første steg. Heldt på å bryte halvvegs. Stoppa fleire gonger, heldigvis fekk Atle Hole meg avgarde igjen. Sjølv om det ikkje vart eit resultat eg er stolt over, så heldt det til ein KM-medalje. Vel blåst, alle mann!
SVERRE KJERPESETH, halvmaraton:
- Eigentleg veldig fornøgd med dagens løp. Har vore veldig mykje jobb i det siste. Så tre halvmaraton med ei gjennomsnittstid på sub 90 minutt er eg superfornøgd med. Nytt løp allereie om sju dagar (Molde 7 topper).
ELDAR SINDRE VALKVÆ, halvmaraton:
- Halvmaraton i maraton-tempo. OK følelse. Fin, kupert løype

Logg inn for å skrive en kommentar.