Strava-kommentarar frå Vartdal

Postet av Atle Jomar Hole den 24. mai 2026

 

Sjå kva nokre av Velledalen IL-løparane som var på Vartdal har lagt ut på Strava

 

Velledalen hadde fylgjande påmeldingar på  Vartdal til løpet laurdag 23.mai:

HALVMARATON:

6 påmelde

6 startande

 

10 KM:

5 påmelde

3 startande

2 DNS

 

TOTALT:

11 påmelde

  9 startande

  2 DNS

PLASSERINGAR: Fem 1.plassar, to 2.plassar, ein 3.plass og ein 4.plass i løparane sine respektive klasser

 

HER KJEM NOKRE KOMMENTARAR FRÅ UTØVARANE:

FRODE MAUREN, 10 km:

  • Følgde planen 100 prosent. God løpsfølelse og under terskel heile vegen.

 

STIAN HOLE, halvmaraton, tid: 1.28.47:

  • Vartdal halvmaraton der eg spontan-påmelde meg på KM og resten av familien på «Team Kristian Øye» i trimklassa. I regn og vind må eg seie meg fornøgd. Sugande forhold både på asfalt og på grusen. Kupert og tøff løype, men ein må vere nøgd med sølv i KM.

 

BJØRN ARVE BRUNE, halvmaraton, tid: 1.32.58:

  • Bra gjennomført løp, som fartshalder for Malin første del av løypa. Våt og kald med eit kort «krampestopp» siste halvdel. Tidsmessig ca 1 minutt betre enn i fjor.

 

MALIN BERGE, halvmaraton:

  • Ingenting å skrive heim om. For lite trening siste veka til at dette var noko kroppen tolte bra, etter ei ganske stressande veke. Ein kamp frå første steg. Heldt på å bryte halvvegs. Stoppa fleire gonger, heldigvis fekk Atle Hole meg avgarde igjen. Sjølv om det ikkje vart eit resultat eg er stolt over, så heldt det til ein KM-medalje. Vel blåst, alle mann!

 

SVERRE KJERPESETH, halvmaraton:

  • Eigentleg veldig fornøgd med dagens løp. Har vore veldig mykje jobb i det siste. Så tre halvmaraton med ei gjennomsnittstid på sub 90 minutt er eg superfornøgd med. Nytt løp allereie om sju dagar (Molde 7 topper).

 

ELDAR SINDRE VALKVÆ, halvmaraton:

  • Halvmaraton i maraton-tempo. OK følelse. Fin, kupert løype

 

 


Logg inn for å skrive en kommentar.