To løparar, to årsrekordar i Hornindal!

Postet av Atle Jomar Hole den 27. jul 2026

 

Der Ivar Arne Flo sin rekord går på alder, går Hilmar Kråkenes sin på tid.

 

Løpa i Hornindal samla ganske nøyaktig 150 påmelde. Av desse representerte to Velledalen IL:

 

IVAR ARNE FLO (82) – Miniton trim utan tidtaking:

Ivar er fødd i 1944, som betyr at han i 2026-sesongen opererer i 82 års klassa. Ivar er dermed den eldste som har konkurrert for Velledalen IL utanfor Sykkylven kommune hittil i 2026. Han fullførte den drygt fire km lange løypa i Hornindal i fin stil. Mykje av Ivar sitt treningsgrunnlag ligg i trottige turar til trimposten i Riksheimdalen. Han har tidlegare i karrieren fullført fleire halv- og heilmaraton. Flott levert, Ivar!

 

HILMAR KRÅKENES (M 45-49) – heilmaraton på 2.59.28:

Vi har tidlegare skildra løpet til Hilmar på nettsida. Han sprang altså heilmaraton og vann heile stasen på 2.59.28. Hans tredje strake totalsiger på heilmaraton i Hornindal. Men løpet til Hilmar markerte meir enn ein siger; det var nemleg beste maratontid av løparar som har representert Velledalen IL i 2026. Nærast ligg bronsevinnar frå maraton-NM i klasse M 55-59, Sverre Gunnar Brunstad, med 3.03.41. Tredje best hittil er Malin Berge (K 35-39) med tida 3.25.31.

 


Logg inn for å skrive en kommentar.