To løparar, to årsrekordar i Hornindal!
Postet av Atle Jomar Hole den 27. jul 2026
Der Ivar Arne Flo sin rekord går på alder, går Hilmar Kråkenes sin på tid.
Løpa i Hornindal samla ganske nøyaktig 150 påmelde. Av desse representerte to Velledalen IL:
IVAR ARNE FLO (82) – Miniton trim utan tidtaking:
Ivar er fødd i 1944, som betyr at han i 2026-sesongen opererer i 82 års klassa. Ivar er dermed den eldste som har konkurrert for Velledalen IL utanfor Sykkylven kommune hittil i 2026. Han fullførte den drygt fire km lange løypa i Hornindal i fin stil. Mykje av Ivar sitt treningsgrunnlag ligg i trottige turar til trimposten i Riksheimdalen. Han har tidlegare i karrieren fullført fleire halv- og heilmaraton. Flott levert, Ivar!
HILMAR KRÅKENES (M 45-49) – heilmaraton på 2.59.28:
Vi har tidlegare skildra løpet til Hilmar på nettsida. Han sprang altså heilmaraton og vann heile stasen på 2.59.28. Hans tredje strake totalsiger på heilmaraton i Hornindal. Men løpet til Hilmar markerte meir enn ein siger; det var nemleg beste maratontid av løparar som har representert Velledalen IL i 2026. Nærast ligg bronsevinnar frå maraton-NM i klasse M 55-59, Sverre Gunnar Brunstad, med 3.03.41. Tredje best hittil er Malin Berge (K 35-39) med tida 3.25.31.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
MOROLØP PÅ LANDSSAMLING I ORIENTERING
03.08.2026
UNGDOMS-NM SPRINT ORIENTERING
02.08.2026
3604 grasrotkroner i juli månad
01.08.2026