Åremålsdagane rullar og går. Både for Per og Pål – og Nils
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. sep 2026

20.september: Nils Terje Skylstad - 21.september: Per Henning Hole - 23.september: Pål Rune Fet.
Vi finn det rett å minne om at tre sentrale idrettskarar i Velledalen nettopp har hatt fødselsdag, eller skal ha. To av dei med halv-jubileum (75år og 65 år), medan den tredje har eitt år att til retteleg jubileum. Vi startar presentasjonen etter alderen, med den eldste fyrst:
PER HENNING HOLE – 75 ÅR, 21.SEPTEMBER:
Per Henning var ein ivrig gutehoppar i Velledalen IL i unge år. Som ofte reiste på renn til ulike bygder i høveleg avstand i helgene. Men hoppsporten vart ut-konkurrert av alpint då Per var i overgangen mellom tenåring/vaksen. Dermed vart fotballen vaksen-idretten hans. Kanskje best kjend for frisparkmålet sitt på Langevåg stadion 23.september 1978, som sende VRF ein siste gong opp på nivå 3 i norsk fotball i 1979. Ei brennheit frispark-kule frå 25 meter. Siste sesongen på nivå 3 enda med nedrykk, men Per vart toppscorar for VRF saman med Bjarne Alnes, begge med fire nettkjenningar i obligatoriske kampar (som vil seie at treningskampar ikkje var medrekna – Per hadde 12 treningskampmål i 1979).
Men kanskje var det eit møte med rival Sykkylven som vart Per sitt høgdepunkt på fotballbana. Hendinga fann stad eit par år før VRF sitt siste opprykk (ca 1976). Det stunda mot lokaloppgjer på Dalemyra. Per Hole var VRF sin farlegaste målscorar, og det vart sagt at Sykkylven nytta mykje tid den siste treningsveka på korleis VRF-spissen, Per Hole, skulle stoggast. Kampdagen kom. Det gjekk som det ofte gjorde på 70-talet (unnateke 1973). VRF vann. 4-0 til heimelaget var stygge siffer for Sykkylven…. Men det verste; Per Hole scora alle måla!
Etter fotballen var han ein periode «big-boss» i langrennsgruppa til Velledalen IL. Son hans, Frank, var ein habil løpar, i tillegg til ei lang rekkje andre tenåringar, som Ole Petter Lødøen, Ole Johnny Myrseth, Njål Tyssing og sikkert fleire andre. Det vart trena bra og dei oppnådde fine krets-resultat.
NILS TERJE SKYLSTAD – 69 ÅR, 20.SEPTEMBER
Neste gong vert det jubileum for Nils, som denne gongen «berre» vart 69. Nils har ei særs lang og allsidig karriere bak seg i Velledalen IL. Og også noko på VRF. Nils spela nemleg på smågute-laget til VRF som vann avdelinga si i smågute-serien i1970. I kampen om KM-tittelen møtte VRF dei to andre avdelingsvinnarane. Der vart det 0-0 mot AaFK på Slettegjerde, før det heile enda med tap 2-1 for Hødd på Høddvoll. Så nære var Nils KM-tittel i fotball tidleg i tenåra.
I studietida fekk Nils for alvor smaken på løp. Helst litt lange løp. Og han vart ein ivrig deltakarar, med fine resultat. Han var fast på dei fleste av Velledalen IL sine stafettlag om han var i bygda, mellom anna fem deltakingar i Holmenkollstafetten frå 1980-1984. Siste gongen vi var der, fekk vi nokre forfall slik at Nils måtte springe to etappar. Det kosta han ikkje stort, men enno verre; buss-sjåfør Atle Grodås måtte også springe. Då skjøna Velledalen IL at deira tid i Holmenkollstafetten var forbi – i alle fall for ein periode. Nils har hatt fleire styreverv opp gjennom åra, men kanskje den aller største innsatsen har han lagt ned i trimgruppa, der han svært lenge var leiar. Vidare var han i ei årrekkje Velledalen IL sin beste motbakkeløpar, og har delteke på stort sett alle slike av lokal karakter. Som 69-åring er det ei glede at Nils framleis skjøttar viktige gjeremål for Velledalen IL. Innsatsen hans vedkomande laget sine 15 trimpostar er unik. Han ser til at alt er på stell på alle postar, han summerer poeng og fører lister over samla besøk på kvar post, og flest trimpoeng på kvar post og flest trimpoeng samanlagt. Han gjer jobben pliktoppfyllande kvart einaste år, utan store fakter!
PÅL RUNE FET – 65 ÅR, 23.SEPTEMBER
Eit litt pussig samantreff. Men den dagen Per Hole sette frisparket på Langevåg stadion i nota (23.september 1978) vart VRF sin høgreback i kampen 17 år. Namnet hans var Pål Rune Fet, og han spela som ein erfaren ringrev. Pål vart altså KM-vinnar i fotball 1978, på nivå 4, saman med Per Henning Hole. Og Pål Rune fekk ein ny KM-tittel i fotball i 1983, den gong på nivå 5.
Men det var i andre idrettar Pål Rune utmerka seg fyrst. I friidrett – sterk i trekamp og god i stafettar - og langrenn. Og såleis hadde han alt vunne individuelle langrenns-KM, FØR han spela seg inn på VRF sitt A-lag som 16-åring og vart KM-vinnar på 17 års dagen. I morgon har Pål dobbelt-jubileum; han vert 65 år, og det er 48 år sidan han vann sitt fyrste fotball-KM og like lenge sidan VRF (som i dag ikkje eksisterer sportsleg) for siste gong rykte opp til nivå tre (Sykkylven IL spelar i dag på nivå seks).
Pål var typen som var seriøs på den han gjekk inn for. Mellom anna var han mest uråd å runde på backen og få lagt inn eit godt innlegg. Det var ikkje for inkje han fekk tilnamnet «The Iron Man». Så må vi innom året 1985, då Pål fekk oppleve å bli KM-vinnar på 3 X 10 km stafett i Ørsta saman med Terje Aurdal og Atle Hole. Stafett-KM for senior har Velledalen IL vunne berre ein gong tidlegare (1952), og den gongen var det 4X10 km med laget: Jon C. Brunstad, Ole L. Hole, Paul Hole og Olav P. Hole.
Pål Rune vart rekna som ein finslepen teknikar på ski, og det same vart sonen Kenneth; som fylgde opp med å bli KM-vinnar i langrenn om lag midt i tenåra, med Pål Rune som ein framifrå servicemann, dyktig både med smurning, trening og som teknisk rådgjevar.

VRF sitt småguttelag som tapte 2-1 på Høddvoll i bakre rekkje, Hødd framme.
Namn på VRF-spelarane, frå v: Jon Otto Tandstad, Kjell Nilsen, Geir Tennøy, Magne Nygård, Bent Johannessen, Bjørn Vanebo, Atle Hole, Trond Strømme, Hans Olav Drabløs, Arnstein Johannessen, Bernhard Sandvik, Kristen Tandstad, Robert Kvam og Nils Terje Skylstad.
Atle Jomar
Logg inn for å skrive en kommentar.