MixMasters Internasjonal vann «Mesternes Mester»

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. sep 2026

 

Med to og ein halv VIL-medlem på laget

 

«Mesternes Mester» er stort på Stranda. Dei som vinn der, får både stor pokal og heider og ære det komande året, i alle fall.

 

Årets vinnar heitte «MixMasters Internasjonal». Og det ligg eigentleg i namnet, at deltakarane kom frå ulike nasjonar. To frå Polen, to frå Noreg, éin frå Tyskland og éin frå Thailand. Deltakarane kom frå bygdene Stranda, Sykkylven og Valldal – sett saman av Olga Decyk – står det å lese i Nyss.

 

Og Olga, jau, ho er god Velledalen IL-medlem. Det same er Øystein Bakke, som vi vil tru slett ikkje sparte seg for dette laget. Og Mateusz Balon har i alle høve vore VIL-medlem, med bakgrunn som habil o-løpar og landevegsløpar. Dei tre siste på laget heiter Vivian Bertelsen Drege (Noreg), Vijitra Søreide (Thailand) og Markus Haberberger (Tyskland).

 

Velledalen IL gratulerer «MixMasters Internasjonal» med den store triumfen, og ei særleg helsing til Olga Decyk, som stod for miksinga.


Logg inn for å skrive en kommentar.