Tromsø Backyard Ultra: Sofie fullførte tolv rundar

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. okt 2026

 arkivfoto

Imponerande av debutanten som la bak seg 80,4 kilometer før ho tok kveld

 

Backyard Ultra har vorte populært på rekordtid. Det går ut på å starte kvar heile time i ei løype på 6,7 km så lenge ein orkar. Greier ein ikkje runden på timen, er ein automatisk ute. Brukar ein eksempelvis 50 minutt på runden får ein 10 minutt kvile før neste start. Løpet i Tromsø var eit løp over 24 timar. Andre stadar kan det vere tolv timar, eller til det berre er ein mann/kvinne att, kalla «last man standing».

 

Løpet i Tromsø hadde 201 påmelde, og skulle maksimalt gå over 24 timar – eller i overkant av 160 km. 36 av dei påmelde møtte aldri til start. Somme fall frå fordi dei ikkje greidde tidskravet på timen per runde, andre gav opp av fri vilje eller skadar. Vår utøvar, Sofie Skylstad Hole, leverte ein imponerande innsats ved å fullføre tolv rundar før ho stod av. Som betyr at ho sidan starten klokka 09.00 i dag tidleg hadde lagt bak seg 80,4 km. Tett på to heilmaraton.

 

Det kan nemnast at når 13. runde var ferdig, stod 25 utøvarar att i Tromsø. Av desse 12 kvinner, mellom dei Live Sollid frå Hornindal IL Som alle skjøna gjorde Sofie ein glimrande figur, og vi vonar ho kom skadefri frå «stuntet». Ikkje alle greier slutte i tide i slike konkurransar, med dei konsekvensar det kan få.



Logg inn for å skrive en kommentar.