Vinterkarusell 1: Fem påmelde frå Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. nov 2026
Arkivfoto
Men det er nokre dagar att. Løp 1 i karusellen vert arrangert sundag 8.november
I dag, 2.november klokka 10.00, hadde 36 utøvarar meldt seg på. Eit høgt tal seks dagar før løpet. I skrivande stund er det gode vêrmeldingar for løpsdagen, opphaldsvêr og varmegrader. Alt tyder på at opningsløpet i vinterkarusellen 26/27 vil samle i overkant av 100 deltakarar. VIL-målet bør vere tosifra deltakartal.
HITTIL HAR DESSE VIL-LØPARANE KOME PÅ PÅMELDINGSLISTA:
10 km: Jan Ketil Vinnes (M 55-59)
5 km: Alf Petter Bøe (M 55-59)
5 km: Ludvig With (M 50-54)
5 km: Sverre Kjerpeset (M 40-44)
5 km: Ulrik Rokseth Nordstrand (M 12-23)
Svært gledeleg at unge Ulrik har meldt seg på. Desse løpa eignar seg særs godt som treningsløp, og ikkje minst å samle seg erfaring. Ein må fyrst meistre det som er smått, før ein gyv laust på det som er større.
Og vi minner igjen om at alle born, tenåringar og studentar får dekt all startkontingent av laget.
Er nokon usikker på korleis det skal gjerast, så ta kontakt med friidrettsgruppa (Henning Tandstad, leiar).
Logg inn for å skrive en kommentar.